Redaksjonsmøtet: Ytringsfridom i krise?

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Bergen Journalistlag

Med Frank Rossavik, Sven Egil Omdal, Astrid Dalehaug Norheim og Jon Tufto.

Er ytringsfridomen i krise? Og kven er det i så fall som er skuld i krisa? Er det konservative religiøse, lettkrenkte ungdomar eller servile og feige journalistar?

Aftenposten-kommentator Frank Rossavik har nyleg gjeve ut boka Best å holde kjeft? der han slår alarm for ytringsfridomens kår i Noreg. Han møter Sven Egil Omdal, kommentator i Stavanger Aftenblad, og Astrid Dalehaug Norheim, nyhenderedaktør i Dagen.

Kva – om nokon – grenser bør eigentleg ytringsfridomen ha?

Møteleiar er Jon Tufto, debattjournalist i Bergens Tidende.

Debatten er gratis og open for alle, og det vil bli opna for spørsmål frå salen.

Redaksjonsmøtet er ein debattserie av Bergen Journalistlag på Litteraturhuset i Bergen. Dette møtet er arrangert saman med Norsk PEN avdeling Vestlandet.

Neste arrangement i denne serien: 11. desember.

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.

Gratis

Husnytt