Lillelørdag: Ein dag i rømlingens teikn

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Forfattartreff med Jill Moursund.

12.00–13.00: Vulkanøya

Saman med foreldra har Lara reist heilt til andre sida av jorda. Mamma og pappa skal jobbe på toppen av ein vulkan, og ein lokal barnevakt skal passe Lara. Når barnevakten søv, bestemmer Lara seg for å dra etter foreldra. I jungelen utanfor bungalowen er det mørkt. Mørkret er fylt med skumle lydar og insekt som bit. Plutseleg står det eit enormt dyr framfor henne. Likevel viser det seg at sjølv han er for liten. Og også han leiter etter mammaen sin.  

Vulkanøya er ei historie om å vekse. Sjølv den som er stor og sterk, kan vere liten og redd.
 

13.30–14.30: Bella og Bob lager bøll

Bella og Bobs mamma vinn eit bakeprogram på tv, og tv-teamet kjem for å lage reportasje. Bella og Bob vil også på tv, men programleiar Marcel synst borna berre bråkar og er i vegen. Mens Bella og Bob ventar på at dei skal bli ferdige, forsvinn kakene som skal brukast i opptaket. 

«Vi kan si at det ikke var oss», foreslår Bella.

«Dude, du har kake i hele trynet», sier Bob.

Det er bare én ting å gjøre: Rømme hjemmefra.

Bella og Bob lager bøll er ei morosam og fartsfylt forteljing om å rømme, og om den lange vegen heim; ein roadtrip på trehjulssykkel med tilhengar.

Jill Moursund er forfattar og illustratør. Ho har skrive og illustrert mange bøker, mellom anna Stormfugler og Zombiene kommer! Slik overlever du. 

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11–15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).

Alder: frå 4 år

Gratis 

Husnytt