Redaksjonsmøtet: Våre hjerter står i Brann?

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Bergen Journalistlag

Bergen Journalistlag inviterer til open debatt om Brann-journalistikken.

Brann og Bergen høyrer saman. Men kan det bli for klamt i garderoben? Eller er det motsett – at byens aviser burde stø meir opp om Brann i dårlege tider? Kor gode er Brann eigentleg til å vise den openheita dei er så stolte over? Og kor lett er det eigentleg å vere heilt fri journalist om kampar der både BA og BT har rikeleg med annonse på stadion?

Bergen Journalistlag inviterer til open debatt om Brann-journalistikken.

I panelet møter du:
Christian Nicolaisen, nyhendeleiar på sportsavdelinga i Bergens Tidende
Tormod Bergersen, leiar for sportsavdelinga i Bergensavisen
Vibeke Johannesen, dagleg leiar i Brann

Ordstyrar: Ole Alexander Saue, journalist i Medier24

Debatten er gratis og open for alle, og det vil bli opna for spørsmål frå salen.

Redaksjonsmøtet er ein debattserie av Bergen Journalistlag på Litteraturhuset i Bergen.

Neste arrangement i denne serien: 11. november. 

Gratis

Husnytt