Lillelørdag: Den skumle skulestarten

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Forfattartreff med Anja Dahle Øverbye.

Torbjørn er seks år. Til hausten skal han byrje på skulen. Alle spør om han gler seg, for det gjer ein vel når ein skal bli skulegut? Men Torbjørn gruar seg. Han vil ikkje slutte i barnehagen, og han vil ikkje kjøpe skulesekk. Kvifor kan han ikkje berre gle seg slik som dei andre ungane? Ein dag kjøper mamma ei dinosaurtann til Torbjørn, og ho fortel at det er ein lykkebringar. Kan den hjelpe han, tru?

Lykketanna handlar om forventingar andre kan ha til kjenslene våre og om det som kan vere ein skummel overgang frå å vere liten til å bli litt større. 

Anja Dahle Øverbye er teikneserieskapar og illustratør, busett i Oslo. Ho er utdanna frå Bergen og England, og debutboka hennar, Hundedagar, vann prisen Årets tegneserie i 2016. Ho er omsett til engelsk, fransk og russisk. Lykketanna er den første biletboka hennar. Det blir opplesing og samtale med forfattaren. 

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).

Alder: frå 4 år

Gratis 

Husnytt