Lånte fjær: Å skrive med saksa

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset i samarbeid med UiB

Jørgen M. Sejersted, Thomas Slettebø og Inga H. Undheim om Ludvig Holberg.

Eit av dei største forfattarskapa frå 1700-talet skriv seg tilbake til bergensaren Ludvig Holberg. Eller gjer det eigentleg det? I Holberg-forskinga har det lenge vore kjent at Holberg selektivt og utan blygsel forsynte seg frå eldre forfattarskap. Her var det ikkje berre snakk om å la seg inspirere – nei, tekstane til Holberg har ofte vist seg å vere eit lappeteppe av formuleringar og avsnitt saksa og omsette direkte frå andre. Ikkje desto mindre trykker vi han til brystet, som opphavsmannen til nokre av dei mest originale og kjære karakterane og stykka vi har i dansk og norsk litteraturhistorie.

Korleis kan det ha seg at enkelte av Holbergs verk har fått passere, mens andre har blitt gøymde og forsøkt gløymde? Kva implikasjonar har Holberg sin skrivepraksis for korleis vi les og forstår han i dag? Var han ein original kompilator eller ein plagiator? Jørgen M. Sejersted, Thomas Slettebø og Inga H. Undheim går i denne samtalen Holbergs forfattarskap og ettermæle etter i saumane.

Neste arrangement i denne serien: 20. november.

90/60,– (stud.)

 

Illustrasjon: Wilhelm Marstrand, Jeppe paa Bjerget

Husnytt