Konsert

Rom: Auditoriet

Arrangør: Embacle

Med Tom Roger Aadland.

Rockepoeten Tom Roger Aadland har gitt ut sju kritikarroste album, og kjem til Litteraturhuset med både Dylan-gjendiktingar og eigne songar i gitarkofferten.

Det nye albumet Songfugl har fått strålande kritikkar. Dette er poesi like mykje som musikk, skreiv Bergensmagasinet. Singelen Alle dei i ei blei raskt spelelista av P1. Den førre plata til Aadland, Blondt i blondt (Bob Dylan gjendikta), blei kåra til årets album av NRK P1 Norsk på norsk. Tom Roger Aadland er elles kjent for radiolåtar som Min beste ven på ein dårleg dag og Eg må ha deg. Til hausten kjem eit livealbum innspelt i Oslo Konserthus.

200,

Eget billettsalg

Husnytt