Redaksjonsmøtet: Kven vann valet?

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Bergen Journalistlag

Ei veke etter valet samlar vi nokre av dei mest sentrale aktørane i valkampen.

Valkampen går mot slutten og skuldingane haglar: Redaksjonane favoriserer sine yndlingsparti! Partia vil berre pumpe ut slagord på Facebook i staden for å stille opp for den skikkelege journalistikken! Pressa skriv berre om bompengar! Pressa skriv for lite om bompengar!

Ei veke etter valet samlar vi nokre av dei mest sentrale aktørane i valkampen.

I panelet:
Harald Victor Hove, fyrstekandidat for Høgre i Bergen
Marte Mjøs Persen, ordførar i Bergen frå Ap
Dyveke Maiken Buanes, distriktsredaktør, NRK Hordaland
Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør, Bergens Tidende

Ordstyrar: Gunnar Widerstrøm, journalist i Klassekampen

Bergen Journalistlag inviterer til femte møte i debattserien Redaksjonsmøtet. Debattserien er debattar av og for mediefolk i Bergen, men er ope for absolutt alle. Debatten er heilt gratis.

Velkomen!

Neste arrangement i denne serien: 15. oktober.

Gratis 

Husnytt