Lånte fjær: Plagiat på 1700-tallet

Rom: Alver

Arrangør: Litteraturhuset i samarbeid med Universitetet i Bergen

Med Anne Beate Maurseth, Erlend Liisberg, Thomas Slettebø og Inga H. Undheim.

Ved inngangen til 1700-talet var kompilasjon framleis ein akseptert skrivepraksis. På midten av hundreåret vart statusen til kompilatorane derimot utfordra. Innan estetisk tenking vart originalitet etter kvart det dominerande kravet. Samstundes fortsette kompilatorane som aldri før på 1700-talet: I aviser og tidsskrift vart tekstar resirkulerte, omsett og vidareformidla på tvers av landegrenser – ofte utan opplysningar om opphav. Skribentar som Holberg og Diderot lånte til dømes ivrig frå andre forfattarar. Ja, sjølv opplysningstidas kanskje mest ikoniske prosjekt, den franske Encyklopedien, var i stor grad ein kompilasjon.

Kva skjedde eigentleg med kompilatorane? Kvifor vart originalitet så viktig i 1700-talets skriftkultur? Dreiv Holberg med plagiat? Eller går det kanskje an å vere ein original kompilator? Anne Beate Maurseth, Erlend Liisberg, Thomas Slettebø og Inga H. Undheim går i denne samtalen plagiatets rykte og historie etter i sømene.

Neste arrangement i denne serien: 23. oktober.

90/60,– (stud.) 

 

Foto: Wikimedia Commons @Christian Bickel

Husnytt