Litteratur, sex og rollemodellar

Rom: Boksalongen

Arrangør: Regnbuedagene i Bergen

Boksamtale med Jens Kihl og Åsmund H. Eikenes.

Korleis kjennest det å vere i 30-åra og fortsatt streve med å finne sin plass i vaksenlivet? Kva mannsroller har vaksne, homofile menn å sjå til i litteratur og populærkultur? Kvifor er det så vanskeleg å snakke om det som er viktig for å ha det godt saman med andre?

Med utgangspunkt i den nye romanen Håkon tar forfattar Åsmund H. Eikenes og journalist Jens Kihl ein prat om dei store spørsmåla: om verdien av å sjå seg sjølv i litteraturen, om kva rolle sex spelar i skeive relasjonar, og om kva det vil seie å vere mann i dag.

Arrangementet er ein del av Regnbuedagene 2019.

Om boka: Håkon har budd saman med Arve i fleire år, men den siste tida har Arve blitt både sjalu og kontrollerande. Håkon vil vidare, til noko nytt og meir spennande. Han treffer først krølltoppen Thomas, og deretter den målbevisste Stig, og må ta et valg om kven av dei som er den rette for han. Samtidig blir Håkon tvungen til å ta konsekvensane av brotet med Arve, og risikerer å miste alt.

Åsmund H. Eikenes er frå Leikanger i Sogn, og bur i Oslo. Han har tidlegare gitt ut sakprosabøkene Handboka og Sprut. Håkon er den første romanen hans.

Jens Kihl er frå Oslo, og bur i Bergen. Han har bakgrunn som journalist i Klassekampen, og arbeider no som kommentator i Bergens Tidene. Kihl er tidlegare nestleiar i Noregs Mållag.

Gratis

Foto: Noregs Mållag, Tove K. Breistein og Samlaget

Husnytt