Gaming og e-sport

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Idrettscampus Bergen

Ein inngang til inaktivitet eller den nye idretten?

Funn frå barn- og medier undersøkinga frå 2018 viser at 96 prosent av gutane og 63 prosent av jentene i alderen 9–18 år spelar dataspel. Hausten 2016 var Arna vidaregåande skule først ute på landsbasis med å opprette ei eiga e-sportslinje som ein del av toppidrettstilbodet. Våren 2019 signerte SK Brann sine første profesjonelle e-sportsutøvarar, og diskusjonen om e-sport skal bli ein del av dei olympiske leikar er gloheit. I Hordaland byggast det no hallar med eigne rom dedikert til e-sport, og idrettslag tilbyr tilrettelagt trening for e-sportsutøvarar.

Samtidig som dette skjer er inaktivitet ein av dei største helseutfordringane vi har på verdsbasis. Mange foreldre er bekymra for sine barn som sit stille i timesvis framfor ein skjerm kvar einaste dag. Idrettscampus Bergen invitera til ein opplysande sofaprat der vi blant anna vil ta opp følgande:

- Kva er forskjellen på e-sport og gaming?
- Er e-sport idrett?
- Fostrar dataspeling inaktivitet?
- Kva er det positive med speling?
- Korleis påverkar speling barn og unge fysisk og mentalt?
- Kva er forskjellen på ein e-sport utøvars kvardag og ein idrettsutøvars kvardag?
- Kva kan idretten lære av e-sport og motsett?

I sofaen treff du:

Paul Joachim Bloch Thorsen – seksjonsoverlege, Energiteamet & Barneposten, PBU, Helse Bergen og grunnleggar av Bergen E-sport akademi
Anders Rasmussen – SK Brann sin aller første e-sport spelar 
Michael Jørgensen – coach Olympiatoppen
Jørgen Johannesen aka XeqtR – bergenseren som har ei fortid som ein av verdas beste e-sport utøvarar i strategi- og lagspelet Counter-Strike
Per Tøien – idrettspolitisk rådgiver Norges Idrettsforbund

80/40,– (stud.)

Husnytt