Redaksjonsmøtet: Kampen om Bergen
Rom: Olav H. Hauge
Arrangør: Bergen Journalistlag
Det er på tide å ta debatten: Er det eigentleg BA eller BT som er den beste avisa i byen?
BA-redaktør Sigvald Sveinbjørnsson møter BT-redaktør Øyulf Hjertenes til dyst. Hilde Sandvik har fått oppgåva med å styre det heile. Ho er tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende og sit i styret i Amedia, konsernet til Bergensavisen. Dobbelt ugild, med andre ord.
Kva gjer det eigentleg med Bergen å ha to aviskonkurrentar? Er det noko bergensarane får som folk i Oslo og Trondheim går glipp av? Ville BT blitt ei dårlegare avis utan BA – og omvendt? Og er det område ingen av dei dekkjer?
Vi satsar på høg temperatur og god stemning!
Bergen Journalistlag inviterer til fjerde møte i debattserien Redaksjonsmøtet. Debattserien er debattar av og for mediefolk i Bergen, men er ope for absolutt alle. Debatten er heilt gratis og det er fri inngang.
Velkomen!
Gratis
Husnytt
-
Redaksjonsmøtet, brødrenes historier, og Lillelørdag juleavslutning
Uke 50 på Litteraturhuset.
-
Åpningstider i julen
Full oversikt her.
-
Bli med på lesesirkel!
Kari Jegerstedt, Oda Vige Helle, Eivind Riise Hauge og Marie Amdam leder møtene.
-
LittPod
Litteraturhusets egen podkast.
-
Personvern
Slik behandler vi dine personopplysninger.