Litterær eksport: Sakprosa

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Med Morten Strøksnes, Dina Roll-Hansen, Erik Skyum-Nielsen og Margunn Vikingstad.

Kva er det med norsk natur, kultur – og litteratur – som fascinerer lesarar i andre land? Er bildet av det norske forstyrra av ein sort urnorsk eksotisme? Finst det ei reell blømingstid for norsk sakprosa ute i verda no?

Til å diskutere dette kjem forfattar og journalist Morten Strøksnes som har gjort nasjonal og internasjonal suksess med Havboka (2015), seniorrådgivar Dina Roll-Hansen i NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet og lektor ved Københavns Universitet og litteraturkritikar i danske Information Erik Skyum-Nielsen. Ordstyrar er litteraturkritikar i Morgenbladet Margunn Vikingstad.

Det blir boksal og signering etter arrangementet.

Arrangementet er støtta av Bokåret 2019.

90/60,– (stud.)

Husnytt