Litterær eksport: Barnelitteratur

Rom: Alver

Arrangør: Litteraturhuset

Kor populær er norsk barnelitteratur ute i verda og kva særmerker dei barnebøkene som blir selt til utlandet?

Er eventuelt norsk barnelitteratur i overkant ublu, rå og direkte samanlikna med andre land? 

Evy Tillman frå Oslo Literary Agency, Steffen Sørum, forfattar, tidlegare forlagsredaktør i Cappelen Damm og no tilsett ved Norsk barnebokinstitutt, og professor i barne- og ungdomslitteratur ved Høgskolen på Vestlandet, Nina Goga, vil diskutere norsk barnelitteratur generelt og eksport av den spesielt.

Ordstyrar er Guri Fjeldberg, litteraturkritikar, med særleg vekt på barnebøker, i Bergens Tidende. 

Arrangementet er støttet av Bokåret 2019.

90/60,– (stud.) 

 

Illustrasjon: Lisa Aisato

Husnytt