Redaksjonsmøte: Kva kan media lære av Giske-saka?

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Bergen Journalistlag

Bergen Journalistlag inviterer til samtale.

Debatten om medias dekning av metoo generelt og Giske-saka spesielt har fått ein oppsving dei siste vekene.

Var det skandalejournalistikken eller metoo som fekk ein ny vår? Gjekk journalistane seg ville i blodtåka under dekninga av Giske-videoen? Var det media eller Trøndelag Ap som sette foten ned for Giskes comeback? Og har media skuld i at folk går rundt og snakkar om at "metoo har gått for langt"?

Bergen Journalistlag inviterer til andre møte i debattserien Redaksjonsmøtet. Det er tid for eit sjølvkritisk blikk på metoo-dekninga i Noreg. For å diskutere dette, kjem:

Bjørgulv Braanen, Klassekampen
Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i Bergens Tidende
Erik Waatland, redaktør i Medier24
Tone Sofie Aglen, politisk redaktør i Adresseavisen
Tora Håndlykken, nyhenderedaktør i VG


Fleire deltakarar kan bli annonsert.

Debattleiar: Jens Kihl, kommentator i BT og leiar for Bergen Journalistlag.

Redaksjonsmøtet er debattar av og for mediefolk i Bergen, men er ope for absolutt alle. Debatten er gratis og det er fri inngang.

Husnytt