Redaksjonsmøtet: Journalistikk i Guds namn?

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Bergen Journalistlag

Bergen Journalistlag inviterer til samtale.

Noreg har fleire aviser med kristen føremålsparagraf. Kva gjer det med jornalistikken, og kva rolle har desse avisene?

Var Vårt Land uavhengige nok i dekninga av KrFs vegval? Kvifor er det VG og ikkje kristenavisene som kjem med avsløringane om mirakelpredikantane? Og kva slags rom er det for livssynsjournalistikken framover?

Bergen Journalistlag startar opp den nye debattserien Redaksjonsmøtet på Litteraturhuset i Bergen. På det fyrste møtet kjem:

Gard Steiro, sjefredaktør i VG
Alf Gjøsund, fungerande redaktør i Vårt Land
Astrid Dalehaug Norheim, nyhenderedaktør i Dagen
– Fleire deltakarar kjem.

Debattleiar: Jens Kihl, kommentator i BT og leiar for Bergen Journalistlag.

Redaksjonsmøtet er debattar av og for mediefolk i Bergen, men du er like velkomen om du er lesar, sjåar eller lyttar.

Debatten er gratis og det er fri inngang.

Velkomen!

Husnytt