LittfestBergen: Verda på laurdag

Rom: Auditoriet

Arrangør: LittfestBergen/Litteraturhuset

Thor Steinhovden, Ina Tin, Morten Traavik og Tomm Kristiansen om ekstreme statsleiarar.

Etter at verda lét seg begeistre over at kvinner fekk køyre bil, og over andre sosiale reformer i Saudi-Arabia, fekk mange sjokk over journalistdrapet i det saudiske konsulatet i Tyrkia. Kva slags person er kronprins Mohammed bin Salman eigentleg? Ein annan som har arva makta i landet sitt, er Nord-Koreas Kim Jong-un. Kva kjenneteiknar desse to unge, ekstreme leiarane? Og har dei noko til felles med USAs Donald Trump?

Tre nye bøker undersøker kva slags leiarar verda no står overfor. Tomm Kristiansen snakkar med Thor SteinhovdenIna Tin og Morten Traavik om deira bøker om USA, Saudi-Arabia og Nord-Korea.

Samtalen vil vere på norsk.

100/70,– (stud.)

Velkommen til litteraturfestival 14.-17. februar 2019 på Litteraturhuset i Bergen: Fire dagar, 50-50 sakprosa og skjønnlitteratur, 50-50 internasjonalt og norsk program – litteratur, debatt, dans, teater, film, slam, performance, fest. 90 gjester frå meir enn 20 land.

Fullt program og billettar her.

Husnytt

  • God påske!

    Se våre åpningstider her.

  • Bli med på lesesirkel!

    Kari Jegerstedt, Oda Vige Helle, Eivind Riise Hauge og Marie Amdam leder vårens møter.

  • «For–»

    Litteraturhuset i Bergen starter eit langsiktig prosjekt for å styrke det litterære feltet.

  • LittPod

    Litteraturhusets egen podkast.

  • Personvern

    Slik behandler vi dine personopplysninger.