LittfestBergen: Poet i lukka land

Rom: Alver

Arrangør: LittfestBergen/Litteraturhuset

Med Asieh Amini og Hissa Hilal.

Korleis er livet som kvinne og poet i Iran og Saudi-Arabia?

Til tross for at dei to landa i Midtausten har mykje til felles både kulturelt og religiøst, er dei bitre fiendar. Men kunsten gjer det mogleg å møtast på same scene: Asieh Amini er frå Iran, men busett i Noreg. Saman med saudiarabiske Hissa Hilal kjem ho til festivalen for å snakke om skrivearbeidet, poesiens plass i Midtausten og korleis livet som kvinne og kunstnar artar seg.

Samtalen vil vere på engelsk.

100/70,– (stud.)

Velkommen til litteraturfestival 14.-17. februar 2019 på Litteraturhuset i Bergen: Fire dagar, 50-50 sakprosa og skjønnlitteratur, 50-50 internasjonalt og norsk program – litteratur, debatt, dans, teater, film, slam, performance, fest. 90 gjester frå meir enn 20 land.

Fullt program og billettar her.

 

Foto: The Poetess

Husnytt