LittfestBergen: Norsk sorg

Rom: Auditoriet

Arrangør: LittfestBergen/Litteraturhuset

Med Reidar Müller, Andreas Tjernshaugen og Kjersti Sandvik.

Korleis sørgjer Noreg etter 22. juli? Og korleis blir denne sorga behandla i kunsten? Først kom sakprosabøkene, så kom skjønnlitteraturen, romanane og dikta, til slutt filmane. Kva kjenneteiknar denne litteraturen, og korleis skil skjønnlitteraturen seg frå sakprosaen i måten sorga blir skildra på?

Aage Storm Borchgrevink ga ut sakprosaboka En norsk tragedie i 2012, Brit Bildøen romanen Sju dagar i august i 2015, diktsamlinga Vandreutstillinger av Cecilie Løveid kom i 2017. Samtalen blir leia av forskar på Utøya-litteratur og -film, professor Anne Gjelsvik.

Samtalen vil vere på norsk.

100/70,– (stud.)

Velkommen til litteraturfestival 14.-17. februar 2019 på Litteraturhuset i Bergen: Fire dagar, 50-50 sakprosa og skjønnlitteratur, 50-50 internasjonalt og norsk program – litteratur, debatt, dans, teater, film, slam, performance, fest. 90 gjester frå meir enn 20 land.

Fullt program og billettar her.

Husnytt