LittfestBergen: Natur og litteratur

Rom: Auditoriet

Arrangør: LittfestBergen/Litteraturhuset

Med Reidar Müller, Andreas Tjernshaugen og Kjersti Sandvik.

Sjangeren nature writing breier om seg. I boka Skogens historie viser forskar og forfattar Reidar Müllerkva for plass skogen har i menneska si førestillingsverd, men også kva tyding den har for dyra, særleg for ulven. Medan Müller vandrar i skogen, tar forfattar Andreas Tjernshaugen oss med ut på djupet. I boka Hvaleventyret skriv han om blåkvalen, det største dyret som nokon gong har eksistert.

Er forholdet vårt til naturen i ferd med å endre seg? Og korleis kjem dette til uttrykk i litteraturen? Samtalen blir leia av journalist og forfattar Kjersti Sandvik.

I samarbeid med Prosalong/Norsk faglitterær forfatter og oversetterforening.

Samtalen vil vere på norsk.

Gratis

Velkommen til litteraturfestival 14.-17. februar 2019 på Litteraturhuset i Bergen: Fire dagar, 50-50 sakprosa og skjønnlitteratur, 50-50 internasjonalt og norsk program – litteratur, debatt, dans, teater, film, slam, performance, fest. 90 gjester frå meir enn 20 land.

Fullt program og billettar her.

Husnytt

  • God påske!

    Se våre åpningstider her.

  • Bli med på lesesirkel!

    Kari Jegerstedt, Oda Vige Helle, Eivind Riise Hauge og Marie Amdam leder vårens møter.

  • «For–»

    Litteraturhuset i Bergen starter eit langsiktig prosjekt for å styrke det litterære feltet.

  • LittPod

    Litteraturhusets egen podkast.

  • Personvern

    Slik behandler vi dine personopplysninger.