LittfestBergen: Identitet og populisme

Rom: Auditoriet

Arrangør: LittfestBergen/Litteraturhuset

Med Thomas Hylland Eriksen, Carsten Jensen og Jonas Bals.

På rekordtid gjekk «identitetspolitikk» frå å vere eit heilt ukjent omgrep til å bli eit av dei mest brukte skjellsorda i den politiske debatten.

Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen har i fleire år vore mellom dei fremste debattantane om samanhengane mellom identitet, politikk og populisme. Den danske forfattaren Carsten Jensen skriv i si siste bok Kjellermennesker om framveksten av populisme i Europa. Er det mogleg å vere populistisk politikar utan å spele på stereotypiar om opphav og identitet?

Hylland Eriksen og Jensen møtest til samtale under leiing av målarsvein og litteraturkritikar Jonas Bals.

Samtalen vil vere på norsk/dansk.

130/90,– (stud.)

Velkommen til litteraturfestival 14.-17. februar 2019 på Litteraturhuset i Bergen: Fire dagar, 50-50 sakprosa og skjønnlitteratur, 50-50 internasjonalt og norsk program – litteratur, debatt, dans, teater, film, slam, performance, fest. 90 gjester frå meir enn 20 land.

Fullt program og billettar her.

Husnytt

  • God påske!

    Se våre åpningstider her.

  • Bli med på lesesirkel!

    Kari Jegerstedt, Oda Vige Helle, Eivind Riise Hauge og Marie Amdam leder vårens møter.

  • «For–»

    Litteraturhuset i Bergen starter eit langsiktig prosjekt for å styrke det litterære feltet.

  • LittPod

    Litteraturhusets egen podkast.

  • Personvern

    Slik behandler vi dine personopplysninger.