LittfestBergen: Får han sjå verda igjen?

Rom: Alver

Arrangør: LittfestBergen og Litteraturhuset i samarbeid med Norsk PEN og Forleggerforeningen/Samlaget

Med Yasemin Congar og Jørgen Lorentzen.

Som alle opposisjonelle i Tyrkia gjekk Ahmet Altan alltid til sengs i redsel for at at det skulle ringe på døra ved daggry.

Ein morgon i 2016 gjorde det det. Sidan har den kjende forfattaren og journalisten vore i fengsel, urettmessig dømt på livstid for å deltatt i kuppforsøket i Tyrkia i 2016. No kjem hans siste bok, skriven i fengsel, Eg kjem aldri til å sjå verda igjen, på norsk. Altan, som sjølv er invitert til festivalen, blir representert av hans ven og omsettar til engelsk, Yasemin Çongar. Ho møter tyrkiakjennar og direktør i Heddastiftelsen Jørgen Lorentzen til samtale.

«They may have the power to imprison me, but no one has the power to keep me in prison. I am a writer.»

Samtalen vil vere på engelsk.

Gratis

Velkommen til litteraturfestival 14.-17. februar 2019 på Litteraturhuset i Bergen: Fire dagar, 50-50 sakprosa og skjønnlitteratur, 50-50 internasjonalt og norsk program – litteratur, debatt, dans, teater, film, slam, performance, fest. 90 gjester frå meir enn 20 land.

Fullt program og billettar her.

Husnytt