For-: Boka til verda

Rom: Zinken Hopp

Arrangør: Litteraturhuset

Med Halldór Gudmundsson frå Norla.

Mange er nysgjerrige på kva det inneber at Noreg er gjesteland under verdas største bokmesse i Frankfurt i oktober 2019. Kva utsikter byr gjestelandsordninga på for Noreg og norsk litteratur, for Vestlandet og vestlandsk litteratur? Korleis arbeider Norla med program og satsingar? Er det noko i påstandane om at dette mest av alt er ein kjempedyr forlagsfest?

Prosjektleiar Halldór Gudmundsson frå Norla kjem for å gje oss eit innblikk i visjonar og målsetjingar. Den som skal sørgje for at dei relevante spørsmåla blir stilt er Vagant-redaktør og forleggjar Audun Lindholm. Spørsmål og innspel kan sendast inn på førehand til linda@litthusbergen.no.

Arrangementa er ein del av programrekka For-. Les meir.

Gratis

Husnytt