Lillelørdag: Skogen den grøne

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Forfattartreff med Ruth Lillegraven.

Følg ein kviskrande sti inn i skogen den grøne, sjå skogen gjennom eit barns undrande blikk på alt som lever og hender. Ser du bjørka som liknar ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Skodda som kjem som huldrepust? Ruth Lillegraven skriv med finkjensle for dei små detaljane, for lydane og stemningane. Slik tek ho den unge lyttaren med inn i skogen og poesien. Boka er vakkert illustrert av Mari Kanstad Johnsen. 

Ruth kjem for å lese og snakke med barna om dikta. Det blir også vernissage for plakatar med illustrasjonar og dikt fra boka.  

Les meir om forfattartreffet kl. 12.00 her.

Litteraturkaféen i Alver er open kl. 11–15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betalar i døra).

Fredag 18. januar inviterer vi skuleklassar til forfattartreff med Ruth Lillegraven. Påmelding sendes til dks@litthusbergen.no.

Alder: frå 4 år

Gratis

Arrangementet er ein del av Bokåret 2019 og støttes av Nasjonalbiblioteket.  

Husnytt