Lillelørdag: Eg er ein frosk

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Musikalsk figurteater med Kristin Bolstad og opplesing med Kurt Johannessen.

Performancekunstnar og forfattar Kurt Johannessen har skrive ei morosam, absurd og poetisk forteljing om eit barn som vandrar rundt i skogen, og i fantasien, som ein stor grøn frosk. Teksten behandlar store og eksistensielle tema på ein fantasifull og leiken måte og har blitt adaptert og illustrert av Øyvind Torseter. Kristin Bolstad har laga ei musikalsk framsyning med denne forteljinga som utgangspunkt.

NyNorsk messingkvintett byr på inderlege froskesongar akkompagnert av eit interaktivt figurteater der barna sjølve får bidra til å skape nye forteljingar frå skogen. 

Før og etter forestillinga vil Kurt Johannessen sjølv lese et utvalg korte tekstar. 

Litteraturkaféen i Alver er open kl. 11–15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betalar i døra).

Alder: frå 2 år

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.

Gratis

Husnytt