Kapital i ei omstillingstid

Rom: Fosse-stova

Arrangør: Vestmannalaget

Aksel Mjøs om tilrådingar frå Kapitaltilgangsutvalet.

Førsteamanuensis Aksel Mjøs ved NHH var leiar for Kapitaltilgangsutvalet, som kom med innstilling til Næringsdepartementet i 2018. No ved inngang til eit nytt år – med tendensar til økonomisk uvisse og nervøse børsaktørar – vil Mjøs greia ut om strategiar og tiltak for å skaffa kapital til norske verksemder, særleg nyetablerte mindre firma med vekstpotensiale. Såkornfond, pensjonssparing, folkefinansiering og avvikling eller endring av formueskatt er nokre av dei tiltak som vert drøfta.

Gratis

Husnytt