For-: Søknadsbonanza 2/3

Rom: Zinken Hopp

Arrangør: Litteraturhuset

Litteraturhuset inviterer til tredagars søknadsbonanza med det målet å utløyse meir midlar til litteraturprosjekta i byen vår!

Det finns ei rekke tilskotsordningar tiltenkt produksjon og formidling av litteratur. Likevel er erfaringa at svært få forfattarar og litterære aktørar nyttar dette, men lener seg heller på andre stipendordningar. Eksempelvis utløyste litteraturprosjekt kun 1% av den totale kunstpotten som Bergen kommune delte ut i 2018.

16. januar kl. 14–16: Info om tilskotsordningane ved Linn Helen Kornerud, Bergen kommune og Tone Stedal Haugland, Hordaland fylkeskommune.

17. januar kl. 18–20: Søknadsskriving og budsjett ved Inga Moen Danielsen. 

18. januar kl. 10–16: Individuell veiledning (etter avtale) med Inga Moen Danielsen og Linda Børnes.

Arrangementa er ein del av programrekka For-. Les meir.

Gratis

Husnytt