Kva er det med Saudi-Arabia?

Rom: Alver

Arrangør: Bergen Resource Centre CMI/UiB og Chr. Michelsen Institute (CMI)

Panelsamtale med Knut Vikør (UiB), Anne Bang (UiB) og Magnus Halsnes (UiB).

Kva er det med Saudi-Arabia? Drapet på den regimekritiske journalisten Jamal Khashoggi har reist internasjonal fordømming mot Saudi Arabia. I kjølvatnet av drapet har kritikken mot landet auka. Er det noko som kan utfordra kongefamiliens makt?

Kontrastane er tilsynelatande mange i dette landet: På den eine sida er det ein velståande oljeøkonomi, ein strategisk alliert med USA og medlem i både G-20 og FNs menneskerettsråd. 

Samtidig er landet eit eineveldig monarki med ein svært konservativ form for islam. Statstyret er stadig skulda for alvorlege menneskerettsbrot. Landet har ekstraordinært høge militærutgifter og det er ein av verdas største våpenimportørar, med hendene inn i fleire regionale konflikter - ikkje minst Jemen. Ei spenning mellom det tradisjonelle og det moderne pregar landet.

Korleis kan landets historiske utvikling hjelpe oss til å forstå dette komplekse landet i dag? Kva rolle spelar Saudi-Arabia i regionen? Og kva veg går Saudi-Arabia framover?

- Knut S. Vikør er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur-og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen. Vikør arbeider med islamsk historie, særleg Nord- og Vestafrika 1700- og 1800-talet. Særlige fokus er på islamsk lov og på sufi-brorskap, begge sett i samfunnsmessig samanheng.

- Anne K. Bang er professor ved AHKR, UiB. Bang jobber med islam, Midtausten, Aust-Afrika, Zanzibar og det indiske hav.

- Magnus Halsnes er stipendiat ved AHKR, UiB. Kompetansefelt er Midtausten, Jordan, Saudi-Arabia, Palestina, grenser og kolonialisme.

Gratis

Husnytt