Voss i endring

Rom: Zinken Hopp

Arrangør: Bergen Arkitektforening

BAF inviterer til møte om Voss.

Namnet Voss vekkjer positive assosiasjonar hos fastbuande og tilreisande. Staden er kjent for høgt aktivitetsnivå og eit intimt sentrum i eit vakkert kulturlandskap. Voss og Voss kommune er i endring, med store prosessar knytt til kommunesamanslåing, utbygging i og utanfor sentrum, bygging av kollektivknutepunkt samt fleire store utbyggingsprosjekt i sentrum. Kva for visjonar har kommune og utbyggjar?

For å drøfte spørsmålet kjem arkitektane Berit Marie Galaaen og Elisabeth Lillegraven frå Voss kommune og landskapsarkitekt Connie Nyhaven frå Bane NOR Eiendom.

Gratis

 

Foto: Lars Helge Indrelid

Husnytt