Vikingtid og marknadskrefter

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Universitetet i Bergen/Middelalderklyngen

Vikingtida blir i dag framstilt av mange ulike aktørar. Er formidlinga av ho basert på forsking eller myter?

I Vikingtida tok nordmenn for alvor i bruk sjøvegen. Dei plyndra, koloniserte, dreiv handel og oppretta kontaktar til store delar av Nord-Europa. Vikingane skaffa seg på godt og vondt eit ry som framleis fascinerer.

Vikingtida blir i dag framstilt av mange ulike aktørar – forskarar, museum og kommersielle verksemder. Er formidlinga som musea og dei kommersielle driv med basert på forsking eller myter? Er kunnskapen frå forskaren lett tilgjengeleg? Kor viktig er det å gje eit mest mogleg riktig bilde av historia og kulturen?

Deltakarar i debatten:

Ragnar Børsheim frå Arkikon

Solveig Midtbø frå Sagastad

Frode Tufte frå Viking Valley i Gudvangen

Espen Kutschera, formidlar ved Bymuseet i Bergen

Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Universitetet i Bergen

Else Berit Eikeland, Noregs ambassadør til Irland

Ordstyrer: Gunnar Wiederstrøm

Debatten er ein del av Middelalderuken i Bergen 14.–22. oktober.

Gratis

Husnytt