Lillelaurdag: Zara og dei

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset, Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Bergen internasjonale filmfestival

Bok og kino.

Vi veit ikkje så mykje om Zara og dei, men dei blør visst forferdeleg mykje naseblod. Dessutan bur Zara og dei i campingvogn og dei stel visst både gryter og barn frå andre folk. 

Elisabeth Moseng har illustrert bokserien om zombiane Zara og dei, som er skrive av Bjørn Sortland. I fjor kom kortfilmen Gorillahjerne til middag som byggar på den første boka. Den har vore på festivalar over heile verda og no kjem filmen til Lillelaurdag! Elisabeth kjem for å fortelje om boka og filmen, og saman med barna vil ho teikne zombiar. 

Etter filmen skal Elisabeth lese den nye boka Misse-konkurransen om når klassen til Zara skal ha misse-konkurranse og pappa skal vere dommar.   

– Kan eg ha på meg fine klede? spør eg. – Og sminke meg? 

– Er du galen? seier pappa mens han pakkar sakene i bilen. – Ta berre på deg ein gammal genser og ei joggebukse.  

Litteraturkaféen i Alver er open kl. 11–15. Kom innom for bøker, grøt og moro. (30,– pr. person må betalast i døra).

Registrering til treffet i Alver frå kl. 11.00.

Alder: frå 4 år

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.

Gratis 

 

Illustrasjon: Elisabeth Moseng

Husnytt