Øyehaugs metode

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Meisterkurs i litterær metode med Gunnhild Øyehaug.

Litteraturhuset har invitert våre mest anerkjende forfattarar til å snakke om sin metode for skjønnlitterær skriving. Målgruppa for arrangementsrekka er både dei som sjølv skriv, dei som ynsker å skrive, og dei som berre er generelt interesserte i den kreative prosessen.

Gunnhild Øyehaug er både novellist, essayist og romanforfattar. Ho fekk sitt store gjennombrot med novellesamlinga Knutar i 2004. Fire år seinare kom romanen Vente, blinke. som mange også kjenner gjennom filmadapsjonen Kvinner i for store herreskjorter. Øyehaug underviser også ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

85/55,– (stud.)

Foto: Magne Sandnes

Husnytt