Prosalong: Det kosta å vera kar i vikingtida

Rom: Alver

Arrangør: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Med Solveig Aareskjold.

I sagaforteljingane om vikingtida er kvinnene ekstremt ærekjære. Dess stoltare ei kvinne er, dess meir attraktiv er ho for mennene, sjølv om ho stiller så høge krav at det går på livet laus. Olav Tryggvason var all sin dag avhengig av å ha kvinnene på si side. Fordi han trakka på æra til Sigrid Storråde, hamna han i slaget ved Svolder, der han stupte i sjøen og forsvann.

Solveig Aareskjold debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Det indre tempel (1987) og som essayist med Kyss meg i diskursen (1996). Dei siste åra har ho gjeve ut tre bøker som handlar om å gjera eldre litteratur meir kjend, i 2017 Astridene. Kvinnene omkring Olav Tryggvason. I kveld fortel ho frå eit rikt repertoar.

Gratis

Husnytt