Røff guide til samtidslitteraturen II: Oppdateringar frå lykkelandet

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Føredrag med Marta Norheim.

All the best stories are true, hevdar David Shields, forfattaren bak boka Reality Hunger som kom i 2010. Har han rett i det? Den såkalla “virkelighetslitteraturen” er eit internasjonalt fenomen som vekkjer sterke kjensler og skaper store overskrifter. Norheim sporar denne tendensen bakover og ser på endringar både i realitetar og fiksjonar slik dei kjem til syne i litteratur skriven av forfattarar som har debutert frå 1990-talet og framover. Langs sporet ligg slikt som navlegransking, barndomsskildringar og regional dikting.

Marta Norheim har arbeidd med litteratur i NRK i ei årrekkje. I 2007 gav ho ut boka Røff guide til samtidslitteraturen. No, ti år etter, kjem oppfølgjaren: Oppdateringar frå lykkelandet. Røff guide til samtidslitteraturen 2.

85/55,– (stud.) 

 

Husnytt