Vaken om natta

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Forfattartreff med Erna Osland og skodespelar Frøydis Flotve.

Hender det at du ikkje får sove om natta? Kanskje høyrer du lydar utanfor? Og kanskje får du lyst til å gå ut og leite etter nokre andre som er vakne?

Erna Osland er norsklærar og barnebokforfattar, og har skrive ei rekkje lærerike og morosame fagbøker for barn og unge. Den nye boka hennar Vaken? er illustrert av Anna Fiske og handlar om ulike dyr som er vakne om natta. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Kva gjer dei på ute i natta? Kan dei sjå i mørke?

Erna Osland les og fortel om boka. Om mange dyr, og om tre menneske i eit hus ved havet: Bæret, Bustebror og mor. Skodespelar Frøydis Flotve (Teaterfrø), tar barna med på jakt etter lydar og spor frå ulike dyr med lommelykt og skuggeteater. Vi kan oppdage mykje fint når vi leitar saman.

Alder: frå 5 år

Gratis 

Illustrasjon: Anna Fiske

Husnytt