Gertrude Stein: Mentor, modernist og litterær superstjerne

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Litteraturhuset

Grethe F. Syéd fortel om Steins liv og verk.

Gertrude Stein (1874–1946) var rik, levde ope saman med ei kvinne, og likte å setje spor etter seg. Ho deltok i motstandsrørsla i andre verdskrigen, men kunne vere både konservativ og arrogant. I Paris, der ho budde mesteparten av livet, var ho kunstsamlar, mentor og venn med bl.a. Pablo Picasso, Ernest Hemingway, F. Scott Fitzgerald og Henri Matisse.

Ho skreiv i og braut opp fleire sjangrar; blant dei mest kjende titlane er Tender Buttons og Alice B. Toklas' selvbiografi. I Foredrag og taler (2017) finn ein Steins fabuleringar om alt frå kva eit meisterverk er, til kvifor spørsmålsteiknet ikkje eignar seg til anna enn brennmerking av kyr.

Grethe F. Syéd har omsett fleire bøker av Stein. I dette foredraget fortel ho om Steins liv og verk.

85/55,– (stud.)

Foto: Carl Van Vechten/Wikimedia Commons

Husnytt