Rapport frå eit grensehotell

Rom: Olav H. Hauge

Arrangør: Embacle

Kritikarrost rockepoesi på nynorsk.

Rockepoeten Tom Roger Aadland blei lagt merke til for alvor då han gjendikta og song Dylan på nynorsk på albumet Blod på spora. Låten Vikla inn i blått frå denne suksessplata blei nyleg kåra til ein av tidenes beste norske coverlåtar av WiMP.

Det nye albumet hans Rapport frå eit grensehotell har fått strålande mottaking hjå kritikarane. På grensen til genialt, skreiv Dagsavisen då plata kom ut. Albumet dreier seg om menneskeleg einsemd og lengt etter kjærleik, og inneheld Aadlands sterkaste samling låtar til no.

Tom Roger Aadland leverer alltid sterke melodiar, og singelen Like til mi dør blei raskt A-lista hos NRK P1.

På Litteraturhuset vil Aadland hovudsakleg syngje frå Rapport frå eit grensehotell, men ei Dylan-perle eller to på nynorsk blir det sikkert også plass til.

200,–

 

Foto: Edgar Bachel

Husnytt