Saudiarabisk stjernepoet til Bergen

I februar kjem poet Hissa Hilal (Saudi-Arabia) til LittfestBergen.

Hissa Hilal frå Saudi-Arabia vekte forbløffelse og begeistring, men også raseri, då ho las sitt eige fatwa-dikt på direktesendt TV for 75 millionar sjåarar.

Ho blei den første kvinna til å nå finalen i Million´s Poet, ein Abu Dhabi-basert talentkonkurranse etter same form som Idol eller X-factor, men der det er komponering og framføring av tradisjonell arabisk poesi deltakarane tevlar i.

Særleg har eit av dikta frå Million´s poet, der Hilal kritiserer religiøs ekstremisme, gitt ho stjernestatus i Midtausten.

 

 Evil fatwa

I have seen evil from the eyes of the subversive fatwas

in a time when what is lawful is confused with what is not lawful

When I unveil the truth, a monster appears from his hiding place

barbaric in thinking and action, angry and blind

wearing death as a dress and covering it with a belt

He speaks from an official, powerful platform

terrorizing people and preying on everyone seeking peace

the voice of courage ran away

and the truth is cornered and silent

when self-interest prevented one from speaking

 - Hissa Hilal

 

Sidan ho entra verdscena i 2010 har Hissa Hilal gitt ut tre diktsamlingar: The Language of the Sand Heap, The Bedewed One og Enlightenment

Hilal har også redigert ei samling dikt skrivne av beduinske kvinner, Divorce and Kholu' Poetry: A Reading of the Status of Women in Tribal Society and Nabati Poetry as a Witness, der dei eldste dikta er over to hundre år gamle. 

Vil du vite meir om forfattarane på festivalen? Få siste nytt på littfestbergen.no.

Foto: The Poetess