Forfattarar frå 25 land til Bergen

Fullt program for Bergen internasjonale litteraturfestival 2020 er lansert.

Bergen internasjonale litteraturfestival (LitFestBergen) blir arrangert for andre gong 6.–9. februar på Litteraturhuset i Bergen.

9. januar blei heile programmet lansert på litfestbergen.no, saman med 100 gjester frå land som Sør-Afrika, USA, Syria, Hong Kong, Tyskland, Palestina, Martinique, Noreg og Russland.

Under festivalen kan publikum oppleve sakprosa og skjønnlitteratur som fortel om ulike former for kvardag, temaet for 2020.

Til festivalen kjem mellom anna Khaled Khalifa, ein av få forfattarar som har blitt verande i Syria gjennom heile den pågåande krigen, sjølv etter at den tredje boka hans blei offisielt forboden av den syriske regjeringa.

Frå Hong Kong kjem forfattar og jurist Jason Y. Ng og forfattar og advokat Antony Dapiran, publikum kan møte Lynda Blackmon Lowery som var den yngste av dei som marsjerte saman med Martin Luther King Jr. i stemmerettsmarsjen i 1965, og Gloria Gervitz frå Mexico, særleg kjent for langdiktet Migraciones, eit unikt verk som har vore i kontinuerleg endring dei siste 50 åra.

Vi får besøk av Raja Shehadeh og Penny Johnson som begge er busette i Ramallah, Palestina og har gitt unike skildringar av den israelsk-palestinske konflikten og kvardagslivet i dei okkuperte landområda.

Festivalen opnar på samanes nasjonaldag 6. februar, og sparkar med det i gang eit samisk program som mellom anna undersøker kva spor samane si historie som undertrykt minoritet har sett i samisk litteratur, og i kva retning den unge samiske litteraturen går no. Her kan publikum mellom anna møte Niillas Holmberg frå Sápmi (Finland), Sigbjørn Skåden og forfattar og omsettar frå samisk, Laila Stien.

Frå Noreg kjem òg fleire av våre mest kjende historieforteljarar, som Lars Saabye Christensen, Thorvald Steen, Ketil Bjørnstad og Frode Grytten.

Spennvidda er stor: Forfattar og musikar Pedro Carmona-Alvarez har sett saman ei musikalsk-litterær framsyning basert på Leonard Cohens verk, kalla Kunstnarens kvardag. Festivalen markerer også at 30 år har gått sidan Nelson Mandela blei lauslaten frå fengsel med eit stort program om sørafrikansk litteratur og kvardag etter apartheid.

LitFestBergen har også eit skrivesamarbeid med Bergen og Bjørgvin fengsel. På festivalen kjem ein av dei innsette for å fortelje om sin erfaring med skrivinga og med kvardag i fengselet.

Humor er det óg plass til, med eit skråblikk på kvardag i kommunen med Trond-Viggo Torgersen og ikkje minst med programposten Spør forfattaren! med Marit Eikemo og Jens M. Johansson. Latter blir det nok óg i møtet med den amerikanske forfattaren av hysterisk vittigvonde essays, Mary Ruefle.

Velkommen til litteraturfestival 6.-9. februar 2020 på Litteraturhuset i Bergen: Fire dagar, 50-50 sakprosa og skjønnlitteratur, 50-50 internasjonalt og norsk program – litteratur, debatt, dans, musikk, slam, performance, fest. 100 gjester frå 25 land.

Fullt program | Billettar