Barneprogram i haust

Fleire fine forfattartreff og Lillelørdag-spesialar!

Laurdag 19. oktober kan de møte Anja Dahle ØverbyØverby vil lese frå den nyaste boka si Lykketanna om Torbjørn på seks som skal byrje på skulen, men som gruar seg – for han vil ikkje slutte i barnehagen.

Laurdag 26. oktober inviterer vi til Lillelørdag med persisk-spesial. Her kan du m.a. lære deg å skrive persiske bokstavar. I god Lillelørdag-tradisjon blir det graut – men denne gongen med safran og rosevatn! Arrangementet går føre seg på norsk, engelsk og persisk.

Laurdag 9. november vitjar musikarane Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones Litteraturhuset med den musikalske framsyninga Tenk om eg var ein tanke. Arrangrmentet er eit samarbeid med Olav H. Hauge-senteret og er ein del av Poetisk barnebokveke og Bokåret 2019.

Laurdag 16. november blir det forfattartreff med Jill Moursund. Ho vil fortelje både frå Vulkanøya (kl.12.00) og frå Bella og Bob lager bøll (kl. 13.00).

Laurdag 7. desember blir det swahili-spesial på Lillelørdag med forteljingar frå Kenya og Tanzania. 

Alle forfattartreff og Lillelørdag-spesialar er gratis på Litteraturhuset.

Litteraturkafeen i Alver er open laurdagar kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).