– Det vanlege òg kan vere like stort, flott og viktig

– Når ein er ung, og kjem ifrå ein liten plass, kjenner ein ikkje nødvendigvis at ein har dei rette referansane

– (...) så les ein gjerne forfattarar som Frode Grytten som og kjem ifrå ein plass kor det ikkje er naturleg at folk skriv, og ser at ein kan skrive om heilt vanlege menneske, og at det vanlege òg kan vere like stort, flott og viktig som alt anna.

Marita Algrøy er ein av dei nye studentane ved Skrivekunstakademiet denne hausten.

Ho kjem frå Algrøyna vest for Sotra i Øygardenkommune. Algrøyna er ei øy på omlag 5 kvadratkilometer kor det bur i underkant av 400 innbyggjarar. Dei siste åra har ho vore busett i London og i Telemark. Her har ho teke emne i kreativ skriving på Roehampton University i storbyen, og har budd på gard i det norske innlandet. No er ho tilbake for å skrive i vestlandske omgjevnader med sjø og høge fjell.    

– Som ein del andre som studerer kunst og skriving på slike skuler, opplevde eg nok eit større press på å skulle skrive meir i andre sin stil, framfor å byggje på det som fekk ein sjølv til å skrive. No er eg på ein annan plass i livet og er meir sikker på mi eiga skriving, seier Algrøy.

Verken den eines private språk eller dei manges felles språk

Ho opplevde å finne att si eiga stemme då ho flytta heimatt til Noreg.

– Det er noko rart med å skrive eit språk som ikkje er sitt eige. Eg hadde større distanse til språket og fann ein lettare og meir humoristisk tone i skrivinga på engelsk. Litt av dette har eg nok teke med meg tilbake til nynorsken, fortel ho.

Ho byrja å skrive mest lyrikk, noko som har ført til ei interesse for rytmen og lydane i språket, også i lengre tekstar.

– Eg har ikkje vakse opp i ein heim kor ein leser mykje meir avansert enn Nancy Drew, men eg las likevel, seier ho.

Skrivinga har vore noko som har vore med henne sidan ungdomsskulen, etter at ho oppdaga eit utdrag frå Lars Saabye Christensen si «Bisettelsen» i ei avis på kafeen ho jobba i, på eit storsenter i nærleiken.

– Då eg las dette var det noko som klaffa.

Ho samanliknar denne lesaropplevinga med teksten som står skrive på vindauget utanforLitteraturhuset.

«Den gode litteraturen er verken den eines private språk eller dei manges felles språk(...) den finst derimot til ein stad mellom eintal og fleirtal, ein stad som ikkje finst.»

– Det å vera frå vestlandet, gjer at eg må vere nær havet. Då eg budde i Telemark, var det nesten litt klaustrofobisk. Sidan den gong har nærleiken til sjø vore kriteriet for ein bustad.

Ein av vestlandsforfattarane som har prega henne er Frode Grytten.

Når ein er ung, og kjem ifrå ein liten plass, kjenner ein ikkje nødvendigvis at ein har dei rette referansane, og er kanskje redd at ein har gått glipp av noko viktig som andre frå heimar med meir kultur har fått med seg, seier Algrøy.

– Men så les ein gjerne forfattarar som Frode Grytten som og kjem ifrå ein plass kor det ikkje er naturleg at folk skriv, og ser at ein kan skrive om heilt vanlege menneske, og at det vanlege òg kan vere like stort, flott og viktig som alt anna.

Twitter-noveller på jenterommet

I eit halvår mellom vidaregåande skule og studiane i London satt Marita Algrøy på jenterommet på Algrøyna, og las ivrig i Frode Grytten sine Twitter-noveller. På den tida hadde ho enno ikkje skrive mykje sjølv, men Twitter blei ein fin plass å prøve ut det vesle ho skreiv.

Ho var og ein av deltakarane på Litteraturhuset under Kreativt måndagsmøte med Frode Grytten som gjest.

Som distriktsforfattar i Odda, blei Frode Grytten «han som skriv», noko Algrøy kjende seg att i, men sjølv om ho truleg var i mindretal har tilbakemeldingane frå naboar og kjende på Algrøyna vore engasjerte og motiverande.

Då den vesle skulen med 25 elevar blei lagt ned i2013, skreiv ho eit avskjedsdikt for han.

Det er no omlag seks år sidan ho sist budde i Bergensområdet og jobba på amerikansk diner i Skostredet.

Denne hausten ser ho fram til å kome i gang med skrivinga saman med dei andre på Skrivekunstakademiet, og ta inn nye impulsar i kjende omgjevnader.

 Liker du å lese og snakke om litteratur? Ta kontakt med:

Lesesirkel for samtidslitteratur: lesesirkel@litthusbergen.no

Feministisk lesesirkel: feministisk@litthusbergen.no

Internasjonal lesesirkel: bookclub@litfestbergen.no

Lesegruppe for ungdom: les@litthusbergen.no

Leseliste for april, mai og juni 2024

Les deg opp til kvartalets program! Bøkene finner du i husets egen bokhandel Boksalongen
Les mer

Bokmagi – ny lesesirkel for barn!

Med Fredrik Hagen. Anbefalt alder 9-12 år.
Les mer

Få siste nytt fra Litteraturhuset i Bergen.

Takk! Vi har sendt deg en e-post!
Oj! Noe gikk galt.